Robert Normann
Ole Bull Akademiet


Sigbjørn Bernhoft OsaLitt om samarbeidet mellom Robert Normann og Sigbjørn Bernhoft Osa.

Det er kjend at det i møtet mellom store musikarar kan skapast grunnlag for samspel av beste merke. Eit slikt døme er samvirket mellom meisterspelemannen Sigbjørn Bernhoft Osa og ein ikkje mindre meister på sitt instrument Robert Normann.

Vi må tru at desse råkast, og kanskje spela saman, ved ulike høve som musikarar lenge før vi finn dei heilt konkrete døme på aktivt samspel. Det finn vi først ved innspelingar av EP plater i november 1963.

Her vart det sett ei norm for samspel på høgt niva. Med Robert Normann på gitar, Håkon Nilsen bass og Sigbjørn Bernhoft Osa i seinare kjende innspelingar av nokre svenske godbitar som Jularbo Calles minne, Horgalåten, Anders Frisells gånglåt og Gärdebylåten.

Seinare finn vi desse slåttane i lag med nyare innspelingar av same musikantane på LP plater og kassettar. Der fleire av slåttane var slike Sigbjørn lærde av far sin i unge år.

Sigbjørn Bemhoft Osa omtala desse innspelingane som eit samanhengande inspirerande musikalsk samvære, der medspelarane i høg grad var aktive medspelarar. Der han vart møtt med respekt for sin innsats, ein respekt som nok var gjensidig.

Bemhoft Osa opplevde nok at sjølvutnemde verdensmeistarar i musikk såg på folkemusikken som så enkel at her gjekk det meste av seg sjølv. Her visste han at slik var det ikkje i dette samarbeidet. Og ved eit høve tala han om Robert Normann si lyst til å utforske og tilpasse sin innsats til kvar enkelt melodi. Slikt inspirerte, og resultatet vart mønstergyldige innspelingar. At det vart friskt spel er slik det skal vera, og som ein av medspelarane kommenterte etter at Vossavalsen var i boks "Det lukter jo svidd her" var truleg ein uttale som var dekkjande.

Vi finn dei og i eit samarbeid for Philips i ei Fredrik Friis innspeling med Robert Normanns kvartett der Bernhoft Osa brukar fiolin.

Robert Normann var ein musikar spelemannen Sigbjørn alltid omtala med stor respekt, respekt for eit søkjande menneskje som tydeleg sette dei største krava til seg sjølv i si musikkutøving.

Sigbjørn sa ein gong: Du veit eg er heldig - kvar gong eg er i gang med ei innspeling får eg med i draget dei beste. - Mellom desse beste var utan tvil Robert Normann.




Om Sigbjørn Bernhoft Osa og Ole Bull Akademiet: http://www.olebull.no/osa.htm




www.robertnormann.no