Robert Normann
Av Sigmund Groven


Sigmund GrovenEg hadde gleda av å kjenne og samarbeide med Robert i mange år.

Som musikkinteressert og ivrig radiolyttar i barndommen var Robert Normann for meg eit av dei magiske namn, og eg må tilstå at eg var nokså nervøs da eg som heilt ung musikar på midten av sekstitalet blei invitert av Otto Nielsen til å spele inn nokre instrumental-nummer for "Søndagsposten" saman med Robert og dei andre legendariske musikarane som eg hadde så stor respekt for: Willy Andresen, Håkon Nilsen, Per Nyhaug, John Svendsen og Alf BIyverket. Men den fine atmosfæren og humoren som ikkje minst Robert var med på å skape gjorde at eg snart fann meg til rette og kunne yte mitt beste.

Gjennom åra var eg med på svært mange innspelingar med denne gjengen både for radio og fjernsyn og i platestudio. Både som ensemblemusikar og solist hadde Robert dei eigenskapane som kjenneteiknar dei heilt store og suverene musikarane: alt han gjorde var smakfullt, stilrektig og uanstrengt. Han orienterte seg svært raskt i nytt stoff som skulle spelast inn og som han aldri hadde sett eller hørt før, han bidrog med gode idèar til utvikling av eit arrangement der og da, og han var ein spennande og kreativ komponist som evna å tonesetje dikt og visetekster med sans for det litterære innhaldet.

Han var seg sjølv, ein original i beste meining av ordet, som ofte snakka om heilt andre ting enn musikk under pauser i studio og elles; det kunne vere ein idè til ei ny oppfinning, eller ny reiskap han hadde fått tak i. Og alltid var den logne og ofte litt sjølvironiske humoren der. Når eg trefte Robert på trappa utanfor Kringkastingshuset og helsa han "Nå er det jammen lenge sidan sist, Robert", kunne han svare: "Ja, det har vi hatt godt av begge to!"

Utover 70-talet blei han meir og meir opptatt av alt han dreiv med heime i Skjeberg, og det var ikkje alltid like lett å få han inn til hovudstaden for å vere med i studio lenger. Men samtidig var han svært hjelpsam og positiv når det gjaldt.

Eg hugsar eg var ansvarleg produsent for ei LP-innspeling med den store canadisk-engelske munnspel-virtuosen Tommy Reilly for Polydor i Rosenborg Studio. Gitaristen som var bestilt, fiksa rett og slett ikkje å spele dei stemmene han hadde fått utlevert, vi kalla inn fleire som måtte gje seg etter tur. Da slo det meg: eg ringer til Robert, sjølv om eg var temmeleg sikker på at han var heime i Skjeberg. Tilfeldigvis var innom leiligheten på Majorstua den dagen, og stilte opp i studio i løpet av ein halvtime. Ikkje nok med at han redda oss I ein etterkvart litt stressa og pinleg situasjon, han gjorde - som alltid - ein suveren jobb. ("The Harmonica of Tommy Reilly", Polydor 2382 002, flg. spor: "Bulgarian Wedding Dance", "Voice From the Past', "My World for Love").

Ei anna, også relativt lite kjent, LP-innspeling som eg produserte nokre år seinare var med trekkspelaren Sture Rogne. Der fekk vi også med oss Robert, og han gjorde ein strålande innsats. (Sture Rogne, Polydor 2922 011: "Säkkijärven", "Springar fra Sundløkka", "Nye Sommerdansen", "Dizzy Fingers".)

Alt dette er eksempel på det som kan kallast god underhaldningsmusikk, "light-music", dette for å utfylle bildet av Robert som ein allsidig musikar, ikkje berre den store jazzgitaristen.

I mitt private notearkiv fann eg originalnote utan tittel, i Roberts karakteristiske noteskrift. Vi spela denne saman ein gong truleg rundt 1970, dessverre finst det ikkje opptak av det. Seinare døpte han denne for "Oppvaskbenken", og den er som kjent å finne på CD.

Eg håper at desse tankane og inntrykka kan vere til nytte, og ynskjer lykke til vidare med arbeidet.




Om Sigmund Groven: http://www.sigmundgroven.com/




www.robertnormann.no